lørdag 27. juli 2013

Ny kontstrikk



Lestene er strikka av restegarn og eit effektgarn eg fekk til jul. Eg er ikkje veldig glad i effektgarn, men det var jo hyggeleg gjort av ein storebror utan peiling på garn og strikking. Eg har prøvd å gjera noko fint ut av det. Kontstrikksokkar blir jo morosame nestan uansett.

Same oppskrift som forrige kontstrikksokkar. Eg trur eg blir nøydt til å skaffe meg denne boka, får meir og meir sans for teknikken, og den er slettes ikkje vanskeleg. Kunne tenkje meg å prøve noko meir utfordrande enn sokkar etterkvart. Kanskje ein av dei søte babyjakkene som er i boka? Eller ei ny lue til vinteren.

Det er framleis mykje att av effektgarnet, eit sokkepar gjer ikkje allverdas garnforbruk. Det får ligge i "stashet" ei stund.

fredag 26. juli 2013

Sumarhekling

Det går i sjal om dagen. Om eg ikkje tek feil, fann eg også denne oppskrifta i Allers. Tilfeldigvis hadde strikkenett  salg omtrent samstundes på akkurat dei garna eg trengte. Salg er jo alltid stor stas.
Garntypane det går i er:
Tynn alpakka - Mjukt og velkjent.
Fin - Mjuk og skinnande. Dette garnet kombinerar alpakka og silke, og det skapar ein vakker kontrast når det brukast saman med Tynn alpakka.

Dette er eit prosjekt eg berre starta på fordi det såg morosamt ut. Sjalet består av ein enkel repetisjon i eit slags rombe/nettingsmønster, og ein hekla kant som synast på biletet. Det blir nok ei fin julegåve.

mandag 22. juli 2013

Broderisjarm

Dette er jo strengt tatt ikkje strikking, men eg tykkjer likevel at det høver med ei omtale av dette broderte biletet! Mønsteret til biletet fant eg i Allers, og eg fall for biletet med ein gong i all dets søte, nostalgiske og "kitschsjarm." Men i ekte geriljabroderistil måtte eg jo legge til noko eige, og valet fall på frasa "Homo sweet homo". Dette spelar at her i heimen er vi to menn som bur saman, og at vi begge er glad i handarbeid.

Biletet i seg sjølv var lett å brodere, det er smått i storleik, og fargeskifta er relativt få.