onsdag 26. juni 2013

Kontstrikk

Ein morosam teknikk! Oppskrift på sokkane er henta frå denne boka:
http://bokkilden.no/SamboWeb/produkt.do?produktId=3212917

Boka gjer ei god innføring i kontstrikk, og har også eit stort og interessant kapittel om teknikken i forskjellige land og epokar. I Noreg ser teknikken mest ut til å ha vore brukt til bunadstrømper.

Her er dei i ein ganske artig og fargerik variant. Alt garnet er henta frå restekorga. Kontstrikk er det perfekte resteprosjekt, sidan du strikkar rutene ein og ein av gongen i rader, og dermed kan du bruke små mengder garn.










Det blir nok fleire slike sokkar. Som andre strikkarar har eg eit omfattande garnlager, som berre ser ut til å vekse.

Teknikken er ekstra flott til sokkar, sidan ein ikkje strikkar hæl, og sokken formar seg etter foten. Dette gjer at ein kan bruke sokken på alle sider, og dermed slite mindre på dei.

fredag 21. juni 2013

Nytt liv.

Etter lang tid med bloggpause, tenkte eg at bloggen skulle livast oppatt.
Her finn du meg på Pinterest. Om ikkje du har vore brukar av denne nettstaden, tilrådast dette! Mykje inspirasjon å hente.
http://pinterest.com/avpinnen/boards/